Stikkelsbærfolen (1980)

Barn | 2 timer, 36 minutter
Rating:
0/10

Handling

Eit musikalsk høyrespel for barn av Asger Pedersen, etter ei historie av Desmond Marwood.

Sivert vil vinne over draken alle i byen er redde for, og går til gamle Peregrinus for å få hjelp. Grøne hestar, sjørøvarar, talande kamelar og anna trollskap går for seg i denne serien i seks delar.

Omsett av Bjørn Endreson. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Aage Sandaker. Musikk: Fuzzy. Musikkmedarbeidar: Kåre Grøttum. Sendt i Barnetimen.

 

Stikkel kjem til verda (1:6)

Sivert vil vera riddar, men dei verkelege riddarane berre ler av han. Han er for liten, seier dei, og ikkje har han nokon hest heller. Men Sivert er god ven med trollmannen Peregrinus - kanskje han veit råd? Blant dei som er med: Rolf Just Nilsen (trollmannen Peregrinus), Knut Risan (Stikkel, grøn hest), Ivar Tindberg (Sivert, elleve år).

Hør i NRKs nettspiller

Sivert får meir enn hest (2:6)

Sivert vil vera riddar, men dei verkelege riddarane berre ler av han. Han har jo ikkje nokon hest! Hesten skaffar trollmannen Peregrinus han - ein grøn fole som heiter Stikkel og både kan snakke og syngje. Men Sivert treng meir enn ein hest om han skal kalla seg riddar... Blant dei som er med: Jon Eikemo (Herbert Hikkemikkel), Lasse Kolstad (Kong Buldrian) og Bjørn Birch-Aune.

Hør i NRKs nettspiller

Stikkel blir bortført (3:6)

Trollmannen Peregrinus har trolla fram den grøne folen Stikkel til Sivert, så han kan verte riddar hos kong Buldrian. Men i staden kastar kongen han rett i fangetårnet. Stikkel trøystar Sivert så godt han kan, men bak tårnet står det nokon og lurer på dei... Blant dei som er med: Jan Hårstad (Laban Luskerud), Ineke Brinkman (August) og Jo Skjønberg (Ole).

Hør i NRKs nettspiller

Stikkel til sjøs (4:6)

Stikkel, den grøne folen til Sivert, klarer endeleg å flykte frå sirkuset. Trøytt og utkjasa legg han seg til å sove om bord i ei lita skute nede på havna. Men medan han søv, hender det noko... Blant dei som er med: Frimann Falch Claussen (Skipper Ibber), Dan Fosse (Momse) og Rolf Søder (Billy).

Hør i NRKs nettspiller

Stikkel kjem heim (5:6)

Sivert sit i fangetårnet hos kong Buldrian, og Stikkel, den grøne folen hans, er ikkje komen heim enno. Utanfor byen rasar og herjar draken, og dei verkelege riddarane er livredde for han. Og draken kjem nærare og nærare byen... Blant dei som er med: Mentz Schulerud jr., Stein Kiran og Øystein Tormodsgaard.

Hør i NRKs nettspiller

Sivert og Stikkel og Draken (6:6)

Sivert og den grøne folen hans, Stikkel, har endeleg funne kvarandre att. Utanfor byen herjar og rasar draken, og dei verkelege riddarane våger ikkje slåst mot han. No er det berre Sivert og Stikkel som kan gjere noko... Blant dei som er med: Willie Hoel (draken), Helge Lindemann og Lars-Helge Myklebust.

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Search