Folket i dei kvite båtane (1965)

Barn | 1 time, 15 minutter
Rating:
0/10

Handling

Høyrespel for born i fire delar, skrive av Johannes Heggland. Handlinga finn stad i overgangen mellom steinalder og bronsealder. På Onøya bur eit folk som er konstant redde for at dei skal bli herja av det dei kallar "folket i dei kvite båtane". Instruktør: Paul Skoe. Teknisk regi: Viktor Sandal. Sendt i Barnetimen.

 

Bronsesverdet (1:4)

Det er sommar og varmt, og oningane har fare til øya Gløyp som ligg langt uti havgapet. Her finn Tolg eit bronsesverd, noko som berre kan tilhøyre folket i dei kvite båtane. Plutseleg oppdagar Tolg at mange båtar og mykje folk er på veg. I rollene medverkar blant anna: Nils Sletta (Tolg), Kari Winge (Jørdi) og Rolf Søder (Gaute).

Hør i NRKs nettspiller

Slaget på Gløyp (2:4)

Frykta har blitt til røyndom, og oningane må kjempe mot dei framande på Gløyp. Det viser seg å verte vanskeleg, og nokon blir tatt til fangar. I rollene medverkar blant anna: Kari Winge (Jørdi), Ragnar Olason (Guding) og Rolf Søder (Gaute).

Hør i NRKs nettspiller

Tolg i fare! (3:4)

Dei framande tar med seg fangane attende til On-øya. Medan dei forsøker å få kontroll over området, pønskar Kjarte på ein plan for å flykte. I rollene medverkar blant anna: Jack Fjeldstad (Kjarte), Ragnhild Michelsen (Ona) og Kari Winge (Jørdi).

Hør i NRKs nettspiller

Offerfesten (4:4)

Jørdi og Kjarte er borte. Aun Hovdingson vil sende folk på leiting etter dei, men hovdingen sjølv, Are, tykkjer ikkje det er stort å bry seg med. I rollene medverkar blant anna: Tom Tellefsen (Aun), Pål Skjønberg (Are) og Ragnhild Michelsen (Ona).

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Search