Antilopesongaren (1970)

Barn | 3 timer
Rating:
0/10

Handling

Høyrespelserie for barn etter ei bok av Ruth Underhill, dramatisert av Ingebrigt Davik. Tiåringen Tad og veslesystera Mitty høyrer til familien Hunt, som saman med ein flokk andre nybyggjarar drog den lange vegen frå Connecticut i aust, tvers over Amerika, for å finne nytt land i California. Reisa vart lengre og meir dramatisk enn dei hadde trudd.

Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Musikk: Kåre Grøttum. Munnspel: Sigmund Groven. Sendt i Barnetimen.

 

Kven er Nummer? (1:6)

Familien Hunt har stansa midt ute i Nevada-ørkenen. Dei har saman med nokre andre nybyggjarar tatt ein snarveg til California. Tad og Mitty er på leiting etter vatn, når dei får auge på eit menneske som ligg under buskene.

Hør i NRKs nettspiller

Ormebitet (2:6)

Tad og Mitty fann ein sjuk indianergut som trong hjelp. No skal familien Hunt saman med dei andre nybyggjarane starte ferda over dei høge fjella mot California.

Hør i NRKs nettspiller

Indianarane kjem (3:6)

Familien Hunt måtte halde seg i ro ein stad ute i Nevada-ørkenen, for Eb Hunt var blitt biten av ein klapperslange. Dei andre nybyggjarfamiliane hadde for lengst dradd opp i fjella. Så ser familien Hunt ein flokk indianarar nærme seg leiren ...

Hør i NRKs nettspiller

Landsbyen i fjella (4:6)

Ein dag då Nummer og Tad var ute i fjellet på jakt, kom dei frampå skjelettet av eit stort dyr. Det var oksen Bell, som familien Hunt hadde mista på ein mystisk måte. Hadde Paiute-indianarane noko med dette å gjere? Tad og Mitty er på besøk i indianarleiren, når dei plutseleg høyrer at nokon skyt.

Hør i NRKs nettspiller

Den store jakta (5:6)

Då familien Hunt ikkje kom seg over Nevada-fjella før snøen kom, måtte dei overvintre hos ein indianarfamilie av Paiute-stamma. Nede ved elva byggjer Tad og indianarguten Nummer eit skur til oksen Neb.

Hør i NRKs nettspiller

Den grøne dalen (6:6)

Familien Hunt får vere med på den store haustjakta saman med Paiute-stamma. Tad var mellom indianarane som hadde ringa inn ein stor antilopeflokk, som Nummer hadde lokka fram med songen sin.

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Search